Hopp til innhold
X
Innhald

Første VS-slakteriet i Førde

Slakteriet Vestlandske Salslag bygde i Førde sentrum i 1964. I dag er Handelshuset bygt på tomta. Foto: Vestlandske Salslag.

Slakteriet Vestlandske Salslag bygde i Førde sentrum i 1964. I dag er Handelshuset bygt på tomta. Foto: Vestlandske Salslag.

Vestlandske Salslag starta sitt første, vesle slakteri i Førde i ei sjøbu på Steinen i 1930. Frå 1941 til 1964 hadde VS slakteri ved Halbrendsbrua, og i 1964 opna regionslakteriet Sunnfjord Slakteri i Storehagen etter lokaliseringskamp mot Dale i Fjaler. Dette var eitt av tre storslakteri i fylket. Dei andre låg i Sogndal (opna 1956) og på Nordfjordeid (opna 1963) forutan i Førde.

Etter mykje strid om organiseringa, bygde VS nytt storslakteri på Reset i Førde 1984, noko som gjekk ut over slakteria i Sogndal og på Nordfjordeid. Sivilagronom Olav Karstad (1886 –1964) (sjå også Stryn kommune) frå Solheimsdalen i Førde vert rekna som arkitekten då Vestlandske Salslag etter mykje tvil og motstand vart skipa i 1920.

- Les elles meir VS-historie i artikkelen Gilde Vest og i større artiklar om Bondesamyrket på Vestlandet under Sogn og Fjordane fylke, og under Eid, Stryn og Sogndal kommunar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010