Hopp til innhold
X
Innhald

Fotoatelier og elektroverksemder i Førde

Galleri G i Teigen, der Olai Fauske hadde fotoatelieret sitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Galleri G i Teigen, der Olai Fauske hadde fotoatelieret sitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Fotoatelier

vart grunnlagt 1912 av fotograf Olai Fauske (1887-1943). Han etterlet seg ei verdfull samling bilete m.a. frå folkeliv i Sunnfjord. Forretninga vart ei tid etter 1943 driven av Tom Vassdal før brordotter til Fauske, Ingrid Fauske Grov og ektemaken, biletkunstnaren John Grov (sjå denne -Naustdal kommune) overtok og dreiv fram til 1961.

I dag driv Grov-familien ved Sigrid og Kjell Grov ” Galleri G” i det gamle forretningsbygget i Teigen, i tillegg til at Kjell også driv som glasmeister saman med sonen Kristian Grov.

Reiakvam Foto. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Reiakvam Foto. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Reiakvam Foto

Dagfinn Reiakvam frå Naustdal starta i 1945 fotoforretning i ei tyskarbrakke ved Hafstad Hotell. Han bygde seinare eit nytt forretningsbygg på same tufta. Då han døydde i 1983 overtok sønene Bjarne og Olav Reiakvam forretninga. Reiakvam hadde òg ei tid avdeling i Førde Torg. I 2009 gjekk dottera til Olav, Dagrun Reiakvam, inn på eigarsida.

Magne Aase AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Magne Aase AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Magne Aase AS

vart skipa i 1951 av Magne Aase. Han starta først i Balestrand, og frå 1955 i Førde. I 1968 skilde han frå installasjons-delen, og skipa saman med andre aksjonærar Sunnfjord Elektroinstallasjon, som i 1987 gjekk inn i Siemens Norge. Magne Aase dreiv avdeling i Florø 1975-1986. Magne Aase AS er med i elektronikkjeda Euronics.

Sunnfjord Elektroinstallasjon

- sjå Magne Aase.

Siemens

- sjå Magne Aase.

Siemens si avdeling i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Siemens si avdeling i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Valaker AS

vart skipa i 1972 av Asbjørn Valaker (1945-2005) frå Utvik.

Telehuset AS

- sjå Valaker AS.

Elkjøp Stormarked Førde

Elkjøp opna avdeling i Førde i 1990.

Fotograf Helle

fotoforretning i Handelshuset i Storehagen vart starta av Vidar Helle. Forretninga skifta i 2010 namn til FO.Service AS. Dette firmaet vart slege konkurs kort tid etter namneskiftet, og Helle kjøpte opp konkursbuet og starta eit nytt firma, Helle Foto AS.

FO. Service AS

- sjå Fotograf Helle.

Helle Foto As

- sjå Fotograf Helle.

Førde Elektro og Rør AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Elektro og Rør AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Elektro og Rør AS

vart starta i 1998. Firmaet er medlem i Elfag-kjeda og driv installasjon og reparasjonar innan elektrikarfaget og røyrlegging. Firmaet har 14 tilsette i 2010.

Bravida

er ei installasjonsverksemd innan elektro, røyr og ventilasjon som vart starta i 2000 ved ei samanslåing av det svenske selskapet BPA og installasjonsverksemda til Telenor. Bravida er etablert på 40 stader i Noreg, mellom dei Førde.

Sunnfjord Elektro AS

vart starta i 2006 av Roger Martin Vikum og Ronny Trædal. Firmaet driv med elektroinstallasjon og er med i den landsdekkande kjeda El-proffen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.01.2012