Hopp til innhold
X
Innhald

Futen budde på Hafstad

Førde ca. 1860 med Hafstad på den næraste sida av elva. Ukjend fotograf.

Førde ca. 1860 med Hafstad på den næraste sida av elva. Ukjend fotograf.

Futegarden Bruland i Førde var bustad for futen i Sunnfjord frå 1789 til futeembeta vart lagde ned i 1898.

Mindre kjent er det at Sunnfjord-futen også budde i Førde på 1500-talet, på garden Hafstad. Den danskfødde Jens Hallandsfar hadde vorte fut i Sunnfjord ein gong før 1518, og hadde embetet truleg til han døydde. Han slo under seg fleire jordbrukseigedomar i Sunnfjord og Nordfjord.

Det er kjent at han ved eit forlik etter ein strid der han kjempa om eigedomsretten til Torgargodset i Nordland fekk hand om ytre Ålen og Underlid i Vevring, og garden Hjelle i Nordfjord.

Også sonen Nils Jensen budde på Hafstad, og han var truleg også fut i Sunnfjord.

Hovudside: Futegardar i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.11.2010