Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesbiblioteket for Sogn og Fjordane

Bokbussen parkert utanfor Fylkesbiblioteket, som held til i Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bokbussen parkert utanfor Fylkesbiblioteket, som held til i Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Så tidleg som i 1824 vart Førde Almuebibliotek skipa. Fylkesbiblioteket starta med Sogn og Fjordane Boksentral i 1954.

Bokbåten Epos

Fylkesbiblioteket vart i 1964 slått saman med Førde folkebibliotek, og har nærare 120.000 bøker og cd-ar m.m. i samlingane sine.

Bokbåten Epos

Sidan 1963 har bokbåten ”Epos” turnert i vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og frå 1966 turnerte Bokbussen i fylket. Men bokbusstilbodet vart lagt ned i 2011 fordi leiinga meinte ressursane skulle brukast annleis. Også bokbåttilbodet har vore i fare, men har inntil 2011 overlevd.

Bokbåten ”Epos ” er eit eineståande tiltak i verdssamanheng og er spesielt mynta på utkantar som ikkje når fatt i eit anna bibliotektilbod. To gonger i året har Epos vitja kring 38 stader kringom i Sogn og Fjordane. I tillegg til utlån av bøker har Epos ofte hatt med kunstnarar med ulike kulturprogram, særleg retta mot barn.

Bokbåten har lagt til kai i Sandebygda i Gulen. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Bokbåten har lagt til kai i Sandebygda i Gulen. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Folk i Sandebygda går mann av huse for å låne bøker når bokbåten Epos klappar til kai. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Folk i Sandebygda går mann av huse for å låne bøker når bokbåten Epos klappar til kai. Foto: Hans Jakob Reite, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.10.2011