Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkeskulturkontoret

Kulturavdelinga til fylkeskommunen held til i den tidlegare husstellfagskulen tett ved Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kulturavdelinga til fylkeskommunen held til i den tidlegare husstellfagskulen tett ved Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkeskulturkontoret vart lagt til Førde i 1978 m.a. på grunn av at mange fylkesomfemnande institusjonar hadde sete i Førdehuset.

Frå før var fylkets idrettskonsulent (Grunde Selås) plassert i Førde. Fylkeskultursjef sidan 1978 – seinare fylkesdirektør for kultur - har vore Lidvin M. Osland fram til 2005, då Ingebjørg Erikstad vart tilsett. Kontoret heldt første tida til i Førde Samvirkelag sitt bygg i sentrum sør, seinare i tidlegare husstellfagskulen like ved Førdehuset. I 2011 starta bygginga av eit eige administrasjonsbygg for fylkeskulturetaten på den tidlegare meieritomta i Førde.

Eit nytt administrasjonsbygg for fylkeskulturetaten er i ferd med å reise seg der meieriet i Førde tidlegare stod. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eit nytt administrasjonsbygg for fylkeskulturetaten er i ferd med å reise seg der meieriet i Førde tidlegare stod. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkeskulturprisen

Fylkeskulturkontoret administrerer Fylkeskulturprisen som vart delt ut for første gong i 1980.

Les meir om Kulturinstitusjonar i Førde

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2011