Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkeskulturprisen

Ragnar Vigdal fekk den første fylkeskultuprisen.

Ragnar Vigdal fekk den første fylkeskultuprisen.

Fylkeskulturprisen administrert av fylkeskulturkontoret, vart skipa i 1980, og fylgjande har fått prisen:

1980: Ragnar Vigdal, Vigdal i Luster, folkesongar som tok vare på dei gamle songteknikkane med kvarttonar t.d. i salmesang.

1981: Per Knut Aaland, Hopland i Stryn, delt pris med fotballgruppa Sogndal I.L.

1982: Kunstnarparet Rotevatn og Jørstad, Løkja i Eid, kunstnarekteparet som restaurerte den freda sorenskrivargarden på Løkja og dreiv Galleri Leikvin med allsidige kulturaktivitetar.

1983: Rolf Myklebust, Oslo, fødd i Stryn. Som NRKs folkemusikkmedarbeidar 1952-1978 gjorde han ein unik innsats for norsk folkemusikk.

1984: Sundagsskulearbeidet i fylket.

Ragnar Vigdal fekk den første fylkeskultuprisen.

Ragnar Vigdal fekk den første fylkeskultuprisen.

1985: Olav J. Befring, Stardalen i Jølster, for stort arbeid med kartlegging av lokal flora og som sjølvlærd astronom, og Svein Brandsøy, Florø, sjølvlærd arkeolog som m.a. oppdaga steinbrota for diabas på Stakaldeneset – eit funn som gjorde at vår tidlegaste Noregssoge frå steinalderen måtte skrivast om.

1986: Olav Stedje, Sogndal, populærsongar og trubadur som m.a. fekk Spellemannsprisen 1982.

1987: Rolf Losnegård, Holmedal i Askvoll, forfattar og dramatikar, og Jon Tolaas, Nordfjordeid, forfattar og lyrikar.

1988: Audhild Viken, Skei i Jølster, for husflid, grunnleggjar av den kjende Audhild Vikens vevstove.

1989: Honndalstausene, Hornindal, folkemusikkgruppe (fele) som m.a. har markert seg på nasjonalt plan og gjeve ut fleire album.

1990: Gloppen Jentekor, som under leiing av Ellen Johanne Gjestland (sjå under Kjende personar i Gloppen fødde år 1930-1960) fekk fleire nasjonale prisar for sitt høge nivå, og m.a. har gjeve ut fleire album.

1991: Oddleif Fagerheim, Dale i Sunnfjord, for arbeid for folkeopplysning og kultur. Donerte m.a. eigedomen sin på Dalsåsen til det som no har vorte Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen.

Helge Bydal gjorde ein stor innsats innan idretten, m.a. for bogeskyting.

Helge Bydal gjorde ein stor innsats innan idretten, m.a. for bogeskyting.

1992: Helge Bydal og Martinus Grov, begge Førde – den første som føregangsmann for bogeskyting som idrett i fylket, og den andre som bogeskyttar i verdsklasse.

1993: Kinnaspelet, Flora kommune (sjå: Kinna-kyrkja, segna og spelet).

1994: Ludvig Eikaas, Oslo, fødd i Jølster. Ein av dei fremste biletkunstnarane i landet i siste halvdel av 1900-talet.

1995: Dale Ungdomslag, Fjaler, for arbeidet sitt som frivillig organisasjon m.a. med framføring av songskattane etter Jakob Sande.

Leikanger Mannskor fekk prisen i 1996.

Leikanger Mannskor fekk prisen i 1996.

1996: Leikanger Mannskor og Palmerevyen, for sin årelange innsats som humørspreiarar med «Palmerevyen».

1997: Vevringutstillinga, Vevring i Naustdal, stor årleg kunstutstilling av høg kvalitet skipa til av lokale eldsjeler.

1998: Knut Rumohr, Oslo, fødd i Frønningen, Lærdal kommune. Ein av landets fremste biletkunstnarar i siste halvdel av 1900-talet med abstrakt formspråk.

1999: Årdals-prosjekta med musikkarrangementa «Beatles» og «Frå Chaplin til Elton John» (sjå Sterk dugnadsånd.)

2000: Terje Ness, Oslo, fødd i Førde. Nykåra verdsmeister i kokekunst.

2000: Terje Ness, Oslo, fødd i Førde. Nykåra verdsmeister i kokekunst.

2001: Sigmund Eikås, Jølster. Spelemann med ei rad førsteprisar i landskappleikar, fylkesmusikar og ein krumtapp som leiar og instruktør i folkemusikken i Sogn og Fjordane.

2002: Vise-popgruppa Fabel.

2003: Dramatikar og forfattar Norvald Tveit frå Hyllestad.

2004: Danselærarane Jorunn Reina, Førde, Signe Lise Bergheim, Breim og Leyeune Avdal, Årdal.

2005: Ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich på Nordfjordeid, for arbeidet med Opera Nordfjord.

2006: Norsk forbund for utviklingshemma (NFU) i Sogn og Fjordane.

2007: Biletkunstnaren Oddvar Torsheim, busett i Førde.

2008: Langrennsløparen Odd-Bjørn Hjelmeset frå Gloppen.

2009: Nedre Jølster Bilelag for arbeid med restaurering av gamle bygningar.

2010: Musikaren Sigrid Terese Moldestad frå Gloppen.

2011: Kari og Claus Kvamme frå Fjærland for arbeidet med Bokbyen Fjærland.

2012: Bremanger Musikklag.

2013: Malakoff Rockfestival.

2014: Kari Støfringsdal frå Jølster for sitt arbeid med tradisjonsmat.

2015: Hilde Bjørkum - direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Odd-Bjørn Hjelmeset. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Odd-Bjørn Hjelmeset. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Les meir under Fylkeskulturkontoret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2015