Hopp til innhold
X
Innhald

Gamleheim, helsetun og sjukeheim

Sjukeheimen i Grovene. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Sjukeheimen i Grovene. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Førde frivillige fattig og sykepleieforening – frå 1938 Førde Helselag - kjøpte i 1925 kjøpte laget den gamle prestebustaden i Førde og bygde den opp att som gamle- og sjukeheim og fødestove i Grovene.

Huset hadde også ei lita operasjonsstove der distriktslegen utførte enkle operasjonar.

Laget bygde i 1964 Førde sjukestove saman med Førde Røde Kors. Her var det m.a. eiga fødestove som også grannekommunane fekk nytte av. Huset vart utvida med helsestasjon i 1967, aldersheim i 197 og pensjonistheim i 1978.

Laget stod i mange år for drifta av helsetunet før kommunen tok over bygget i 1995 og bygde ny sjukeheim på tomta i 2003. Ved sjukeheimen vart det bygd terapibasseng i 2005.

Førde Helsetun etter ombygginga i 2003. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Helsetun etter ombygginga i 2003. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Prestebøen har Førde kommune bygd omsorgsbustader. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Prestebøen har Førde kommune bygd omsorgsbustader. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010