Hopp til innhold
X
Innhald

Gravdal Byggesenter

Gravdal Bygg på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gravdal Bygg på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gravdal Byggesenter AS vart grunnlagt i 1961 av byggmeister og entreprenør Magne Gravdal fødd 1928.

Gravdal Byggesenter er idag eit av dei største innan bustadbyggjing i Sogn og Fjordane med ei årsomsetning på over 100 millionar kroner i år 2006 og 25 tilsette. Selskapet har også bygd ei mengd skular og andre offentlege bygg kringom i Sogn og Fjordane.

I 1970 starta firmaet eigen takstolfabrikk. Frå 1974 heldt fabrikken til i eige bygg på 1200 kvadratmeter på Halbrendsøyra og vart driven fram til slutten av 1990-talet.

Audun Kidøy fødd 1943 vart disponent i 1981 og kjøpte då 20 prosent av aksjane. Magne Gravdal gjekk ut av firmaet i 1992, og Audun Kidøy overtok alle aksjane. I 1997 vart fire tilsette tekne inn som aksjonærar i verksemda med 30 prosent av aksjane. I 2001 trekte Kidøy seg ut av den daglege leiinga av verksemda. Firmaet har endra namn til Gravdal Bygg AS.

I 2006 kjøpte Gravdal Bygg 66 prosent av aksjane i Jo-Ry Byggmarked (sjå Jo-Ry Bygg AS) i Sørbøvåg i Hyllestad kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.10.2010