Hopp til innhold
X
Innhald

Gullgruva i Flugedalen

Gullgruva i Flugedalen.

Gullgruva i Flugedalen.

I 1930 kom Andrew Moe (1873-1938) heim til husmannsplassen Mofleten i Førde.

Han utvandra i 1895 og hadde tent seg rik i Amerika – rykta ville gjere han til mangemillionær. Der borte hadde han fått kjennskap til gullgraving, og på turar i marka kom han over eit berg i Blåane i Flugedalen som likna det steinslaget ein fall gull i i Amerika.

Andrew muta (skaffa seg utvinningsrett) til funnet. Så leigde han folk og starta «gullgruva». Han sende prøver til Amerika, der dei slo fast at Andrew hadde funne gull i Flugedalen. Statens Råstoffkomité slo fast at steinen i gruva heldt 400 gram gull og 5 kilo sølv pr. tonn, men seinare prøver har målt langt mindre mengder edle metall i gruva. Då Andrew døydde i 1938, var det slutt på gullgruvedrifta, men framleis viser det spor etter gullgravarane i fjellet.

I dag er det grunneigaren Erik Solheim som har muta «gullfeltet», mest for å få fred for nye eventyrarar som vil prøve seg som gullgravarar i Førde-fjella!

Andrew Moe hadde m.a. arbeidd på fruktfarm i Amerika, og planta ut 6-800 frukttre på Mofletene.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.10.2010