Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar og Finn Hjelmeland

Forretningsbygget på Øyrane, der m.a. Televerket og Lotteritilsynet har vore leigetakarar. Foto: Kjell Arvid Stølen , NRK.

Forretningsbygget på Øyrane, der m.a. Televerket og Lotteritilsynet har vore leigetakarar. Foto: Kjell Arvid Stølen , NRK.

Gunnar og Finn Hjelmeland starta i 1957 G & F. Hjelmelands entreprenørforretning, som var den største i sitt slag i fylket på 1970-talet.

I Førde hadde dei m.a. hovudentreprisen på Førdehuset i 1976, Sentralsjukehuset 1978, NRK-bygget 1979, Berge og Co. sitt store forretningsbygg på Kronborg 1981, VS storslakteri på Reset 1984, Sunnfjord Hotell 1987 og Sparebanken Sogn og Fjordane 1991.

I 1974 bygde firmaet eige forretningsbygg på Øyrane, der m.a. Førde Teleområde (sjå Telegraf og telefon i Førde) heldt til, - frå år 2000 Lotteritilsynet. Saman med brørne starta Gunnar og Finn Ferdigbetong AS på Vie i 1966, og dette selskapet bygde i 1984 Hjelmelandsgården i sentrum sør. Søstera Signe H. Bruland har vore forretningsførar for Ferdigbetong og Hjelmelandsgården. Entreprenørselskapet vart nedlagd i 1995.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.09.2010