Hopp til innhold
X
Innhald

Halbrendsvassdraget

Halbrendsfossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Halbrendsfossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ingeniør Valentinsen frå Haugesund kjøpte i 1898 fallrettane i Halbrendsfossen med tilhøyrande vassdrag. Han kjøpte i 1901 garden «Brulandstunet» på Halbrend. Valentinsen skipa i 1907 Elektrisitetsaksjeselskapet A/S Førde med 300.000 kroner i aksjekapital.

Fallrettane ville han selje til den tyske fabrikkeigaren K. Festge i Erfurt. Dei skipa Vestlandske Acetylengaskompani, som skulle byggje karbidfabrikk på garden dei hadde kjøpt på Halbrendsøyra. I 1908 søkte dei konsesjon for regulering av Bekkjevatnet og Digernesvatnet, med ei oppdemming som kravde at vegen Førde-Sande vart lagt om. Planene om kraftutbyggjing og storindustri vart lagt vekk fordi karbidfabrikkane i verda kom i krise i 1910.

I 1916 kjøpte staten fallrettane i Halbrendsvassdraget for 40.000 kroner for å byggje elektrisitetsverk for el.drift av jernbanen som ein då planla mellom Vadheim og Sandane. Frå 1970-talet til 2001 var Halbrendsvassdraget med Bekkjevatnet drikkevasskjelde for Førde.

Det vart ikkje kraftutbygging i Bekkjevatnet, derimot var det i mange år drikkevasskjelde for Førde. No er det eit mykje nytta friluftsområde for Førde-folk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det vart ikkje kraftutbygging i Bekkjevatnet, derimot var det i mange år drikkevasskjelde for Førde. No er det eit mykje nytta friluftsområde for Førde-folk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjå også: Kraftutbygging i Førde

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.11.2010