Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsstaden Sjøahola

Førde rundt 1890 med Halbrend nærast. Til venstre for kyrkja ligg Sjøahola, der det først var handel i Førde. Foto: Axel Lindahl.

Førde rundt 1890 med Halbrend nærast. Til venstre for kyrkja ligg Sjøahola, der det først var handel i Førde. Foto: Axel Lindahl.

Den første handelsverksemda i Førde gjekk føre seg like ved kyrkja på Skei. Fram til eit stort elvebrot som skal ha skjedd i 1780 gjorde hovudløpet elva Jølstra ein stor sving opp under Skei før den rann ut i Førdefjorden. I denne elvesvingen ligg Sjøahola, og det var i Sjøahola at den første kremmaren slo seg til. Kremmaren i Sjøahola hadde kongebrev på handelen i både Førde og Jølster.

Sjøahola ved Førde kyrkje er i dag ein fredeleg plett, men her var eit slags sentrum i Førde fram til eit stykke ut på 1800-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjøahola ved Førde kyrkje er i dag ein fredeleg plett, men her var eit slags sentrum i Førde fram til eit stykke ut på 1800-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Elva var så djup at jektene kunne segle heilt opp til Sjøahola, og her var det både kremmerbu og skjenkestove. Heilt frå1500-talet er det kjent at det også var tingstove der. Sjøahola var laste- og losseplass for varer frå heile dalføret. Jølstringane nytta i gamal tid vegen over fjellskaret Tynningen mellom Fluge i Jølster og Grimeland i Angedalen når det skulle ned til fjorden. Frå Grimeland kunne dei kome seg ned til Skei utan å krysse Jølstra.

Vegen forbi Sjøahola mot Førde kyrkje  tidleg på 1900-talet. Foto: O. Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Vegen forbi Sjøahola mot Førde kyrkje tidleg på 1900-talet. Foto: O. Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Søkkrike Førde-kremmarar

På slutten av 1600-talet var det den mektige Hans Andersson Findmand (sjå denne) som huserte i Sjøahola. Findmand plasserte seg sjølv og resten av familien på ei stor minnetavle – epitafium - som framleis heng i Førde-kyrkja. Etter han fylgde Hans Jørgen Bundt som gjestgjevar, medan Bernt Dominicussen Nagel rådde over handelsprivilegia. Dei to låg i stadig strid med kvarandre om kven som hadde retten til kva. Kremmarane i Sjøahola hadde også store eigedomar på Atløy og dreiv fiske på sunnfjordkysten. Like ved handelsstaden grodde det opp eit strandsitjarmiljø, og under embetsgardane kring kyrkja på Skei låg det eit stort tal husmannsplassar – frå Hornnes i vest til Slåttene i aust.

Hans A. Findmand med familie prydar ein av veggane i Førde kyrkje (utsnitt av epitafium).

Hans A. Findmand med familie prydar ein av veggane i Førde kyrkje (utsnitt av epitafium).

Over og ut for Sjøhola

Gjestgiveriet i Sjøahola vart avvikla i 1857, og siste handelsmannen der la ned kring 1870. No var det Hafstad og dampskipskaia på sørsida av Jølstra som hadde teke over som sentrum i bygda. Tingstova i Sjøahola vart ofte brukt som møtelokale for fylkestinget på midten av 1800-talet. Det var i denne tingstova at fylkestinget (amtstinget) den 28. november 1857 vedtok å skipe Fylkesbaatane – eller som det heitte: Nordre Bergenhuus Amts Baade.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010