Hopp til innhold
X
Innhald

Haugianarane bygde bedehus

Bedehuset som vart bygt i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bedehuset som vart bygt i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hans Nielsen Hauge og hans ”haugianarar” hadde eitt av hovudseta for verksemda si på Svanøy i Sunnfjord (sjå Flora kommune). Hauge var sjølv ofte på Svanøy, og elles i fylket vitja han m.a. Hyen og Sandane, Holmedal og Luster. I Førde heldt han møte minst ein gong – i 1801. Det var haugianarar som bygde det som skal vere det andre bedehuset i Sogn og Fjordane i Førde i 1881.

Bonde O.M. Erdal på Skei gav fri grunn til huset. Huset tente som kyrkje 1884-1885 medan ein bygde ny soknekyrkje på Skei (sjå ”kyrkjer”). Først i 1886 vart det skipa indremisjonsforening i Førde, og felles indremisjonsforening for Sunnfjord.

Då det vart bygd nytt bedehus i Førde i 1959, vart det gamle bedehuset flytta til Årdal i Jølster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.01.2018