Hopp til innhold
X
Innhald

Haukedalen kyrkje

Haukedalen kyrkje på Gjerland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haukedalen kyrkje på Gjerland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haukedalen kyrkje på Gjerland i Haukedalen vart bygd i 1885. Arkitekt H.S. Eckhoff, byggmeister Gjert Lien.

Altertavle er frå 1692, og ein bibel som er teken vare på, er frå 1738.

Arbeid med å spa ut att snøen som trengde inn i Haukedalen kyrkje under snøraset i 1928.

Arbeid med å spa ut att snøen som trengde inn i Haukedalen kyrkje under snøraset i 1928.

Opphavsmannen til rosemålingsstilen «Viksdalsmålinga», Kristen Kjelstad, måla i 1794 ei altartavle som no er teken vare på ved Sunnfjord Museum.

Snøras fylte kyrkja

I 1928 vart kyrkja råka av eit snøras som fylte koret og mykje av kyrkjeskipet.

Likhellaren

I eldre tider då Haukedalen ikkje hadde eiga kyrkje, sokna bygda til kyrkja i Førde. Det kunne vere hardt å kome seg over Rørvikfjellet for ei likferd vinterdagen, og det hende då at haukedølene måtte setje frå seg kista under ein hellar. Denne hellaren heiter framleis Likhellaren.

Haukedalen fekk den første kyrkja på slutten av 1600-talet, då det vert omtala at det finst eit lite kapell i dalen. Kyrkjeskipet var berre sju meter langt med tårn på vestgavlen. Mellom gåvene til kyrkja var m.a. fem kyr som den rike kjøpmannsfamilien Finde i Førde gav til drift og vedlikehald av Haukedals-kyrkja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2010