Hopp til innhold
X
Innhald

Hellenes AS

Hellenes AS på Vie. I 2011 flytta verksemda derifrå til Øyrane, og bygningane på Vie vart m.a. brukt til sandvolleyballhall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hellenes AS på Vie. I 2011 flytta verksemda derifrå til Øyrane, og bygningane på Vie vart m.a. brukt til sandvolleyballhall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hellenes AS elektronikkfirma på Vie vart starta i 1999 av Agnar Hellenes, John Inge Langedal, Geir Bratheim og Jon Inge Kusslid. Før det hadde Hellenes drive firmaet Hellenes Elektromekaniske, starta i 1998. I 2007 kjøpte Hellenes AS det tidlegare anlegget til Ferdigbetong på Vie.

Verksemda byggjer prosessanlegg og leverer utstyr til kraftverk, oljeindustri og oppdrettsanlegg, hadde 13 tilsette og ei omsetning på vel 18 millionar kroner i 2007. I 2011 var talet på tilsette auka til vel 50, og omsetninga var i 2010 på 60 millionar kroner. I 2014 har Hellenes AS 60 tilsette.

I 2011 var Hellenes AS med på å starte Hellenes Marine AS i Stongfjorden (sjå Fabrikkar og verkstader i Askvoll). Hellenes AS eig 51 prosent av aksjane i dette selskapet. Men i 2013 vart verksemda i Stongfjorden lagd ned.

Leiger verftsområdet

I 2011 inngjekk Hellenes AS ein avtale med Ankerløkken Eigedom AS om å leige verftshallane og 40 mål av verftsområdet på Øyrane i tre år, med rett til å kjøpe dette etter dei tre åra. Målet er å utvikle ny teknologi og industri. I 2012 flytta Hellenes AS verksemda si frå Vie til Øyrane, der dei har 18.000 kvm bygningsmasse til disposisjon.

Hellenes fekk næringslivet sin Tempopris i 2008.

Hellenes AS leiger verftshallane og 40 mål av verftsområdet på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hellenes AS leiger verftshallane og 40 mål av verftsområdet på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016