Hopp til innhold
X
Innhald

Helse Førde

Førde Sentralsjukehus fotografert frå Førdsnipa etter utbygginga i 2006. Den kvite bygningen til høgre er Psykiatrisk klinikk, nærmast ser vi Høgskulen med sjukepleieutdanninga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sentralsjukehus fotografert frå Førdsnipa etter utbygginga i 2006. Den kvite bygningen til høgre er Psykiatrisk klinikk, nærmast ser vi Høgskulen med sjukepleieutdanninga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2001 overtok Staten sjukehusa frå fylkeskommunane. Vestlandet vart organisert i ein felles helseregion – Helse Vest – og namnet på den nye underavdelinga i Sogn og Fjordane vart Helse Førde. Sentralsjukehuset i Førde er den største og viktigaste eininga i Helse Førde.

Sentralsjukehus med 30 avdelingar

Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane (seinare fekk det namnet Førde Sentralsjukehus) vart bygt på Vie i Førde og vart opna i 1979. Hovudentreprenør for anlegget var Førde-firmaet G&F Hjelmeland (sjå artikkelen: Forretningsfamilien Hjelmeland). Sjukehuset fekk 12 avdelingar og rundt 1000 tilsette frå starten av. I dag har sjukehuset over 30 avdelingar og 1000 årsverk fordelt på kring 1300 tilsette når deltidsstillingane vert rekna med.

Sentralsjukehuset er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Sentralsjukehuset er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Psykiatrisk klinikk i Førde vart bygd i 1990. Fram til då hadde Sogn og Fjordane fylke vore avhengige av å sende tunge psykiatriske pasientar ut av fylket for behandling. Ungdomspsykiatrisk klinikk vart bygd i 2003.

I 2006 vart sjukehuset utvida med tilbygg til 170 millionar kroner. Nybygget inneheld m.a. kreftpoliklinikk, brystdiagnosesenter, patologiavdeling og poliklinikk for hudlidingar. Sentralsjukehuset har i dag 18 avdelingar og kring 300 senger. Ambulansehelikopteret for Sogn og Fjordane er stasjonert like vest for sentralsjukehuset der det er landingsplass og hangar.

I 2008 vart sjuande etasje i sentralsjukehuset omgjort til pasienthotell med 23 senger der pasientar som kan stelle seg sjølve og pårørande kan leige rom.

Administrasjonen i Helse Førde er flytta frå sjukehuset til Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonen i Helse Førde er flytta frå sjukehuset til Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Freding av hovudblokka

I 2012 freda Riksantikvaren den eldste delen av sjukehusbygningane, hovudblokka, som eit viktig døme på offentlege helsebygg og sentralsjukehus reist som følgje av sjukehuslova av 1969. Delar av parkanlegget er og omfatta av fredinga. Det same er interiøret, og det gjer at sjukehuset ikkje får kjøpe inn moderne møblar, og nye gardiner må spesialbestillast for at dei skal vere lik dei opphavelege gardinene.

Ein korridor på sjukehuset. Fredinga gjer at det ikkje er lov å endre fargane. Foto: Marte Halsør, NRK.

Ein korridor på sjukehuset. Fredinga gjer at det ikkje er lov å endre fargane. Foto: Marte Halsør, NRK.

Frå fylkes- til statsdrift

Frå årsskiftet 2001/2002 overtok Staten ansvaret for sjukehusdrifta i Noreg. Alle dei fylkeskommunale sjukehusa i Sogn og Fjordane gjekk då inn i Helse-region Vest, som omfatar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, med hovudadministrasjon i Stavanger. Helse Vest hadde ved samanslåinga tilsaman 12500 tilsette, og forvalta 12 milliardar kroner årleg.

Augeoperasjon ved Førde Sentralsjukehus. Foto: Helse Førde.

Augeoperasjon ved Førde Sentralsjukehus. Foto: Helse Førde.

Helse Vest med fem foretak

Helse Vest er delt inn i fem foretak:

  • Stavanger Helseforetak for storparten av Rogaland
  • Fonna Helseforetak for helseinstitusjonane i nordlege Rogaland og sørlege Hordaland
  • Bergen Helseforetak for resten av Hordaland
  • Førde Helseforetak (Helse Førde) for Sogn og Fjordane.
  • Det femte helseforetaket omfatar sjukehusapoteka i heile Helse Vest-regionen.
  • Frå eit styremøte i Helse Førde. Til venstre ved bordenden sit adm. direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

    Frå eit styremøte i Helse Førde. Til venstre ved bordenden sit adm. direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg. Foto: Torbjørn Fardal, NRK.

    Helse Førde omfattar heile fylket

    Leif Kapstad vart tilsett som den første direktøren for Helse Førde og Anne Margrethe Øvsthus som direktør for sentralsjukehuset og assisterande direktør i Helse Førde. Per Ytrehus vart den første leiaren av Helse Førde-styret. Sidan har leiarorganisasjonen gjennomgått fleire endringar. Jon Bolstad tok over som adm. direktør i 2004. I Helse Vest-leiinga i Stavanger er Bjørg Sandal frå Vågsøy informasjonsdirektør. Helse Førde omfattar alle helseinstitusjonar i Sogn og Fjordane med unntak av dei kommunale helsetenestene som t.d. sjukeheimar og nokre få private klinikkar:

    • Førde sentralsjukehus med psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern i Førde.
    • Nærsjukehuset i Florø. Sjukehuset i Florø har sidan 1995 vore ei avdeling under
    entralsjukehuset.
    • Lærdal sjukehus.
    • Nordfjord sjukehus, Nordfjord psykiatrisenter og Nordfjord Barne- og ungdomspsykiatriske klinikk på Nordfjordeid.
    • Psykiatrisk klinikk, Tronvik.
    • Psykiatrisenteret på Rutlin i Sogndal.

    Helse Førde har frå 2009 hand om ambulansetenesta i heile Sogn og Fjordane. Foto: Helse Førde.

    Helse Førde har frå 2009 hand om ambulansetenesta i heile Sogn og Fjordane. Foto: Helse Førde.

    Overtok ambulansetenesta

    Tidlegare vart ambulansetenesta i Sogn og Fjordane driven dels av kommunane, dels av Røde Kors. I 2009 overtok Helse Førde alle bilambulansane i fylket. I 2014 disponerer føretaket i alt 29 bilar som køyrer til saman 1,8 millionar kilometer i året.

    Ambulansebase-foto Stein Jarle Aase, NRK.jpg?w=600

    I 2014 tok ambulansetenesta i bruk denne basen i Førde. Foto: Stein Jarle Aase, NRK.

    Stor ambulansebase

    I 2013 starta bygginga av ein moderne helikopterbase for luftambulansen ved Førde Sentralsjukehus. Bygginga var kostnadsrekna til rundt 120 millionar kroner. Sluttrekninga då basen vart teken i bruk i september 2014 kom på 166 millionar kroner. Basen er på til saman 3333 kvadratmeter og hyser både luftambulanse, AMK og bilambulanseteneste.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.08.2015