Hopp til innhold
X
Innhald

Helse Vest

Administrasjonen for Helse Førde HF held til på Sentralsjukehuset. Foto: Oddleif Løset, NRK

Administrasjonen for Helse Førde HF held til på Sentralsjukehuset. Foto: Oddleif Løset, NRK

Frå årsskiftet 2001/2002 overtok Staten ansvaret for sjukehusdrifta i Noreg. Alle dei fylkeskommunale sjukehusa i Sogn og Fjordane gjekk då inn i Helseregion Vest, som omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, med hovudadministrasjon i Stavanger.

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) hadde ved samanslåinga til saman 12.500 tilsette og forvalta 12 milliardar kroner årleg.

Fem føretak

Helse Vest RHF er delt inn i fem helseføretak (HF): Helse Stavanger for storparten av Rogaland, Helse Fonna for helseinstitusjonane i nordlege Rogaland og sørlege Hordaland, Helse Bergen for resten av Hordaland, og Helse Førde for Sogn og Fjordane. Det femte helseføretaket omfattar sjukehusapoteka i heile vestregionen.

Ambulansetenesta er ein del av helseføretaket. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Ambulansetenesta er ein del av helseføretaket. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Helse Førde

Per Ytrehus var første styreformann med administrasjon ved Førde Sentralsjukehus. Leif Kapstad vart tilsett som første direktør for Helse Førde HF. Anne Margrethe Øvsthus vart tilsett som direktør for Sentralsjukehuset og assisterande direktør i Helse Førde, Bjørg Sandal vart tilsett som informasjonsdirektør for Helse Vest RHF.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2011