Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestell i Førde

Førde Sentralsjukehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sentralsjukehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Då Sentralsjukehuset i Førde, no Førde Sentralsjukehus, kom i drift i 1994, vart mykje av helsetenestene i Sogn og Fjordane samla i Førde. Sjukehustenester som folk før måtte til Bergen for å få utført vart då tilgjengelege i eige fylke. Sjukehuset vart og den største arbeidsplassen både i Førde og i heile Sogn og Fjordane.

Sæla-dokteren

Når folk og dyr vart sjuke i eldre tider, søkte dei hjelp hjå dei lokale bygdedokterane. Ein av dei mest søkte bygdedokterane i Fjordane på 1700-talet var Sæla-dokteren i Naustdal – Henrik Ananiason Sæla (1753-1790). Les meir om Sæla-dokteren under Naustdal kommune.

Epidemisjukehus i Angedalen

Christian Bonning Uchermann var den første distriktslegen i Fjordane. I Førde fekk han m.a. arbeidd med ein epidemi som soldatar som hadde vore i krig mot Sverige drog med seg heim til Sunnfjord kring 1811. Epidemien herja så hardt i Angedalen at det vart oppretta eit mellombels «sjukehus» der.

Distriktslegane

- sjå Epidemisjukehus i Angedalen.

Førde på spedalsktoppen

I 1857 vart det talt 109 spedalske i Førde prestegjeld, tre prosent av innbyggjarane hadde denne sjukdomen. Les meir i artikkelen Spedalsksjuka - lepra under Naustdal kommune.

Ammene frå Sunnfjord

På 1700-og 1800-talet var Sunnfjord-bygdene, særleg langs Dalsfjorden og i Gaular, «hovudleverandør» av ammer til Bergen.

Den første distriktslegen

Christian Bonning Uchermann (1762–1844) var den første distriktslegen i Fjordane.

Badehuset ved Langebrua

I 1916 fekk Førde sitt offentlege bad – Badehuset. Det vart bygd ved nordenden av Langebrua.

Gamleheim, helsetun og sjukeheim

Førde frivillige fattig og sykepleieforening – frå 1938 Førde Helselag - kjøpte i 1925 kjøpte den gamle prestebustaden i Førde og bygde den opp att som gamle- og sjukeheim og fødestove i Grovene.

Fylkestannlegen i Førde

I 1958 fekk Sogn og Fjordane fylkestannlege, plassert i Førde, med Reidar Tveit tilsett i stillinga til 1989. Deretter var Guttorm Sørland tilsett nokre år, til kontoret vart flytta til Hermansverk.

På dette prospektkortet frå 1940 ser vi korleis det såg ut før Førde Sentralsjukehus vart eit dominerande blikkfang på flata til høgre for elva Anga. Det einaste huset som vi kan kjenne att i dag er den store trebygningen til Sunnfjord Folkehøgskule på Solvang til venstre i biletet. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

På dette prospektkortet frå 1940 ser vi korleis det såg ut før Førde Sentralsjukehus vart eit dominerande blikkfang på flata til høgre for elva Anga. Det einaste huset som vi kan kjenne att i dag er den store trebygningen til Sunnfjord Folkehøgskule på Solvang til venstre i biletet. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Helse Førde

I 2001 overtok Statens sjukehusa frå fylkeskommunane. Vestlandet vart organisert i ein felles helseregion – Helse Vest – og namnet på den nye underavdelinga i Sogn og Fjordane vart Helse Førde. Sentralsjukehuset i Førde er den største og viktigaste eininga i Helse Førde.

Førde Sentralsjukehus

- sjå Helse Førde.

Helse Vest

- sjå Helse Førde.

Frå ein av sengepostane på Førde Sentralsjukehus. Foto: NRK.

Frå ein av sengepostane på Førde Sentralsjukehus. Foto: NRK.

Sjå også: Større offentlege institusjonar i Førde

Senter mot incest og seksuelle overgrep

(SMISO) vart teke i bruk i Førde i 2012 og offisielt opna av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen i 2013. Senteret har tre tilsette.

Dei tre tilsette ved Senter mot incest og seksuelle overgrep, frå v. Trude Lundekvam, Siri Olsen og Chhatrine Elholm. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Dei tre tilsette ved Senter mot incest og seksuelle overgrep, frå v. Trude Lundekvam, Siri Olsen og Chhatrine Elholm. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2013