Hopp til innhold
X
Innhald

Hjalmar Christensen

Hjalmar Christensen måla av Lars Jorde.

Hjalmar Christensen måla av Lars Jorde.

Hjalmar Christensen (1869–1925) frå Førde. Forfattar, litteraturhistorikar og kritikar.

Dr. philos i 1903. Frå 1916 busett i heimbygda, der han bygde si eiga diktarstove på "Kapteins-garden" på Skei. Denne står framleis i tunet, nærast Kyrkjevegen. (Sjå: Prestegarden på Skei.)

Christensen har gjeve ut over 40 romanar, skodespel og fagbøker. Mellom desse er «Fogedsgaarden» (1911) der bygdelivet i Førde er utgangspunktet for romanen. Det same var tema i «Den gamle bygd og den nye» (1913). Samla romanar i fem bind vart gjeve ut i 1920.

Hjalmar Christensen var bror til fylkesmann og statsråd Ingolf Christensen.

Diktarstova til Hjalmar Christensen på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Diktarstova til Hjalmar Christensen på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2010