Hopp til innhold
X
Innhald

Holsen kyrkje

Holsen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holsen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holsen kyrkje vart bygd i 1861. Arkitekt var J.W. Nordan, byggmeister var Gjert Lien, ein av dei store kyrkjebyggjarane frå Eid. Han bygde også Haukedalen kyrkje.

Strid om altartavle

Altaret er prydd av ein stor kross frå 1861. På 1980-talet braut det ut ein bitter strid i kyrkjelyden då nokre ynskte krossen skifta ut med ei ny altartavle utført av Jørleif Uthaug. Bjørgvinbispen og andre måtte mekle, og striden enda med at krossen fekk stå, og nyetavla hamna i staden i den nye kyrkja på Vassenden i Jølster.

Stavkyrkje i Nydalen?

Ei segn fortel at den første stavkyrkja i Holsen stod i Nydalen på sørsida av Holsavatnet. Eit kapell som låg omlag 100 meter lengre aust enn dagens kyrkje, er første gong omtala i 1320, og var ei stavkyrkje som var bygd på 1100- eller 1200-talet. Den gamle stavkyrkja vart riven kring 1722 og erstatta av ei ny kyrkje som vart bygd på ein liten haug. Denne byggjestaden hindra kyrkja frå å bli råka av ulukkesraset som tok ut eit heilt tun og drap fire menneske i Holsen i 1847. Ei kyrkjedør som heng i trappegangen i Holsen kyrkje frå 1861, stammar frå den tidlegare stavkyrkja i Holsen.

Holsen med kyrkja, truleg på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Fauskesamlinga/Fylkesarkivet.

Holsen med kyrkja, truleg på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Fauskesamlinga/Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.11.2010