Hopp til innhold
X
Innhald

Huus Bokhandel

Teikning av forretningsbygget Huus reiste i 1924. © Fylkesarkivet.

Teikning av forretningsbygget Huus reiste i 1924. © Fylkesarkivet.

Huus Bokhandel vart grunnlagt i 1918 av Georg Huus (1886-1965) frå Jølster. Han bygde eige forretningsbygg 1924. I bygget dreiv han også vanleg landhandel og pensjonat. Huset vart rive og nytt bygg vart sett opp på tomta i 1977.

Forretningsfamilien Huus dreiv ei tid også gåve- og musikkforretningar m.a. i Handelshuset. Dei dreiv på 1980-talet Førde Kontantkjøp på Øyrane, ei forretning som vart avvikla etter ei underslagssak mellom tilsette.

Huus-bygget som vart reist i 1977 fotografert før bokhandelen vart flytta til eitt av handelshusa i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huus-bygget som vart reist i 1977 fotografert før bokhandelen vart flytta til eitt av handelshusa i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter økonomiske vanskar i 2000, overtok andre eigarar drifta av dei ulike Huus-forretningane. Bokhandelen vert driven av bokhandlar Økland i Florø (Sjå Florø Bokhandel A/S ) fram til den vart lagt ned i flytta til ein annan forretningsgard i Førde i 2003.

Leikebutikk

Den store forretningsgarden i Førde sentrum vart i 2004 kjøpt av Arne Bernt Larsen, innehavar av leikety- og klesforretninga Gyngehesten AS. Han flytta etter ein konflikt med Førde kommune forretninga si til Elvegården i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010