Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Hauge

Ivar Hauge i 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ivar Hauge i 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ivar Hauge fødd 1968 i Førde. Vektløftar og jurist. Hauge vart først utdanna på Politiskolen, seinare utdanna han seg til jurist. Han arbeidde nokre år i politiet før han i 2003 starta sitt eige advokatkontor i Førde.

Som vektløftar var han to gonger norsk seniormeister (1991 og 1992). I 1992 var han og med og vann lag-NM. I tillegg har han to sølvmedaljar og to bronsemedaljar frå senior-NM. Han vann ungdoms-NM i 1983, 1984 og 1985, og vart nordisk juniormeister i 1985, 1986 og 1987.

På seniornivå har han sølvmedalje (1988) og bronsemedalje (1991) frå nordisk meisterskap. I 1991 deltok han og i senior-VM, der han vart nummer 17. Hauge har og ein 15. plass frå junior-EM og 17. plass i junior-VM. I World Cup har han ein andreplass som beste resultat (1992).

Habil hardingfelespelar

Hauge var i ungdommen og ein habil hardingfelespelar. Han vann Fylkeskappleiken nokre år i yngste klasse (klasse C) og var elles med på landskappleikar og vestlandskappleikar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.04.2012