Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Det vart med dei store planane for jernbaneutbygging i Sogn og Fjordane. Flåmsbana er den einaste strekninga med persontransport på skjenegang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det vart med dei store planane for jernbaneutbygging i Sogn og Fjordane. Flåmsbana er den einaste strekninga med persontransport på skjenegang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I tida frå 1880 til første verdskrig la alle landsdelar storfelte planar om utbygging av jernbanen. Kampen om lineval prega den offentlege debatten.

Sogn og Fjordane opplevde frå hundreårskiftet og framover ein sterk økonomisk vekst: På kysten skapte eit eventyrleg torskefiske sterk vekst i Måløy og Florø. I fjordbygdene blomstra turistnæringa, og industriselskap la planar for ei storfelt utbygging av vasskrafta og kraftkrevjande storindustri m.a. i Høyanger.

Kampen om linevalet

Drakampen om jernbanespora starta då linevalet for Bergensbanen (Oslo-Bergen) skulle fastsetjast. Indresogningane mobiliserte: Dei ville ha Bergensbanen bygd omlag etter same line som E16 fylgjer idag gjennom Lærdal og Aurland.

Eit folkemøte i 1890 i Sogndal med 300 deltakarar sette press bak kravet, og fekk seinare støtte frå fylkestinget. Men trass i mannsterke delegasjonar og intens lobbyverksemd, vedtok Stortinget i 1894 at Bergensbanen skulle byggjast over høgfjellslina Voss-Finse. Som ein kompensasjon vart det vedteke å byggje sidespor til Flåm, men det skjedde etter ein bitter feide med Vik, som kjempa for sidespor frå Voss til Vik over Vikafjellet. Frå Flåm skulle toget skyssast med jernbaneferge over Sognefjorden.

Jernbane gjennom heile fylket

Også på nordsida vart det kamp om linevalet vidare: Sogndal og Luster ville ha jernbanehamn i Sogndal og samband til Lom og Otta gjennom Jostedalen. Midtre Sogn lanserte Hella-Fjærland-Skei med tunnel under Jostedalsbreen og stakk til og med lina. Men den sør-nordlina som til slutt sigra, var Vadheim-Førde-Sandane. Frå denne kunne det byggjast sidespor til den nye industribyen i Høyanger og til fiskerihamnene Måløy og Florø. I Florø regulerte ein jamvel plass til ein stor jernbanestasjon i Hesteneset! I Gaular var det m.a. aktuelt å leggje sidespor frå hovudlina ved Sande og ned til Bygstad.

Slik skulle jernbanenettet i Sogn og Fjordane ha teke seg ut dersom det hadde blitt noko av planane. Som vi veit vart det med den vesle tarmen Flåmsbana heilt nedst på kartet.

Slik skulle jernbanenettet i Sogn og Fjordane ha teke seg ut dersom det hadde blitt noko av planane. Som vi veit vart det med den vesle tarmen Flåmsbana heilt nedst på kartet.

På Hovlandsøyra i Vadheim og på Austrheim ved Sandane skulle det byggjast jernbanehamner, sjå t.d. Vadheim jernbaneterminal og «Plan om jernbanehamn på Austrheim». I Vadheim kunne ein seinare knyte seg til ei vestlandsk «stamjernbane» frå Bergen – den såkalla Trædals-lina. - Men kvar skulle jernbanen gå vidare frå Nordfjord? Stryningane kjempa for jernbane over Strynefjellet til Otta. Nordfjordingane lenger vest ville ha jernbanen via Sunnmøre til Trondheim.

Alle kjempa for sitt

«Alle» kjempa for jernbanespor til sin kommune. Fylkesmann Ingolf Christensen måtte bruke all sin autoritet for å presse gjennom ei nøktern ynskjeliste. Utan ei hard prioritering ville ikkje distriktet få noko, hevda han. Det viktigaste var å sikre sidesporet frå Bergensbanen til Flåm. Dernest «stambana» Vadheim-Sandane.

Og slik vart det: I transportplanen frå 1920 vart desse to prioriterte, men berre Flåmsbana vart bygd og gjort ferdig av tyskarane i 1940. Fylkesmann Christensen fekk bysten sin på sokkel på Flåm stasjon som «Flåmsbanas far».

Vegen over Gaularfjellet er ein av vegane som vart bygde for det dei kalla kompensasjonspengar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen over Gaularfjellet er ein av vegane som vart bygde for det dei kalla kompensasjonspengar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegar som kompensasjon

Resten av dei storfelte jernbaneplanane på Vestlandet støva ned i ein skuff fordi bilen viste seg suveren som landverts transportmiddel i den fjordrike landsdelen. Som plaster på såret for dei som hadde tapt kampen om jernbane, øyremerkte Staten i mellomkrigstida pengar til bygging av såkalla «kompensasjonsvegar».

Sjå dei lokale planane:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2011