Hopp til innhold
X
Innhald

John Holvik A/S

Glasmester John Holvik på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Glasmester John Holvik på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

John Holvik A/S glasmeisterverksemd vart starta i 1967 av John Holvik frå Sandane. I 1975 bygde Holvik stort produksjons- og lageranlegg på Halbrendsøyra i samarbeid med Gravdal Bygg, og i 1986 eige produksjons- og forretningsbygg på 3000 kvm like ved. I 2005 overtok sonen Bjørn Holvik som dagleg leiar.

I den sterke utbyggingstida i Førde på slutten av 1900-talet var John Holvik A/S den største lokale verksemda innan glasvarebransjen, og hadde 22 tilsette i 2005. Verksemda heiter no Glasmester John Holvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010