Hopp til innhold
X
Innhald

Jordskifteverket

Jordskifteverket held til i Hafstadgården, m.a. saman med Fylkesmannens landsbruksavdeling. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jordskifteverket held til i Hafstadgården, m.a. saman med Fylkesmannens landsbruksavdeling. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jordskifteverket har hatt kontor i Førde sidan 1888, og sidan 1951 har Førde vore sete for jordskifteoverretten i fylket. Frå 1995 har Førde også vore sete for Gulating jordskifteoverrett, som har femna om Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Frå årsskiftet 2001/2002 er denne overretten flytta til Bergen.

Det norske jordskifteverket har utgangspunkt i Utskiftningsvæsenet frå 1859, og den første jordskiftedomar (utskiftingsformann) var Ole Chr. Astrup, busett i Vik. Den første store utskiftinga vart iverksett i Gulen av prost Niels Griis Alstrup Dahl.

Organiseringa av jordskifteverket i Sogn og Fjordane m.o.t. kontor og distrikt har variert fram gjennom tida, men vart kring 1990 samla i 4 regionale jordskifterettar: Ytre Nordfjord og Indre Nordfjord vart samla med kontorstad Nordfjordeid (Sandane-kontoret lagt ned), Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett med kontorstad Førde (Dale-kontoret lagt ned), Indre Sogn jordskifterett med kontorstad Leikanger (Balestrand og Sogndal lagt ned).

Fylkesjordskiftesjefen er plassert i Førde, og fungerer som administrativ overbygning for jordskifterettane i fylket.

Les også om fleire større offentlege institusjonar i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.11.2010