Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Kristiansen

I dette huset starta Karl Kristiansen landhandel i 1907. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset starta Karl Kristiansen landhandel i 1907. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Karl Kristiansen starta i 1907 landhandel i Kyrkjevegen. Bygningen står framleis, men er no bygd om til bustadhus. Broren Alfred Kristiansen starta i 1929 strikkevareforretning på Hafstad. Han utvida seinare med manufaktur og bygde tilbygg i 1933. Svigerdottera Velaug Kristiansen overtok i 1973 og dreiv butikken fram til 1993.

Tidlegare Alfred Kristiansens strikkevare- og klesforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Alfred Kristiansens strikkevare- og klesforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010