Hopp til innhold
X
Innhald

Kjersti Sandal

Kjersti Botn Sandal fødd 1978 i Ålesund, oppvaksen i Førde. Skodespelar.

Kjersti Botn Sandal fødd 1978 i Ålesund, oppvaksen i Førde. Skodespelar.

Utdanna ved Staten Teaterhøgskole 2001. Engasjert ved Den Nationale Scene i Bergen, der ho m.a. spela i «En folkefiende» av Henrik Ibsen, hadde fleire rollar i musikalen «Kiss me Kate» i 2002, og spelar ei av hovudrollene som Solveig i «Peer Gynt» i 2003. Ho spela Margareta av Skottland i ”Audun Hugleikson”-spelet i Jølster i 2004.

Tildelt den prestisjetunge ”Heddaprisen” i 2008 for framståande teaterkunst for rolla i stykket ”Karl og Anna” ved Rogaland Teater.

Dotter til Arve Sandal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2010