Hopp til innhold
X
Innhald

Kompetansesenteret Concord

Kompetansesenteret Concord på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kompetansesenteret Concord på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kompetansesenteret Concord opna på Øyrane i 1990. Bygget var den første såkalla ”næringshagen” i Sogn og Fjordane og husa frå starten kring 20 ulike verksemder som m.a. driv rådgjeving innan datateknikk, økonomi og ingeniørfag. I tillegg held Sogn og Fjordane Idrettskrins til der.

Fram til sjukepleieskulen og ingeniørsutdanninga til HSF (Høgskulen i Sogn og Fjordane) vart samlokaliserte i nybygg på Vie i 2005, heldt Ingeniørhøgskulen i Sogn og Fjordane til i Concord. I dag har Mattilsynet lokale i bygget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2010