Køyrevegar i Førde

Så lenge det har vore bilar på vegane har Førde vore eit knutepunkt. Her ser vi vegen ved Halbrend i 1926. Foto: A. B. Wilse.
Hovudvegen Førde-Vadheim
Det var eit ”kupp” frå sjefen for Vestre yttre Sognske Compagnie, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck, som førde til at Den trondhjemske Postvei i 1785 vart bygd frå Leirvik til Dale, og ikkje over Vadheim slik det var best skapt frå naturen si side.

Langebrua oppkalla etter handelsmann
I dag knyter tre store bruer og ei gangbru sambandet over elva Jølstra i Førde sentrum. Men heilt fram til 1986 var det Langebrua som knytte sørsida saman med nordsida.
Jølster kravde køyreveg til kaia
Straks etter at Fylkesbaatane var skipa i 1858 reiste Jølster kommune krav om at det måtte byggjast skikkeleg køyreveg frå Hafstad til skipskaia på Steinen, ei strekning på eit par kilometer. Vegen mellom Hafstad og dampskipskaia på Steinen vart opna i 1867, og Jølster kommune ytte økonomisk tilskot til bygginga.
Veg til Haukedalen
I 1920 fekk Haukedalen skikkeleg køyreveg mot Råheimsdalen i Gaular. Dermed fekk haukedølene betre vegsamband mot damskipskaiene i Vadheim og Bygstad. Riksvegen over Rørvikfjellet mellom Holsen og Rørvikfloten i Haukedalen opna i 1936. Den avløyste ein gamal kjerreveg som seinare er restaurert av Johan Rørvik, som la ned 400 dugnadstimar på arbeidet. I 1938 vart vegen over Rørvikfjellet ein del av det første riksvegsambandet mot Sogn då vegen over Gaularfjellet vart opna.

Dagens riksveg 13 over Rørvikfjellet er svingete og smal, men byr på fin utsikt over Haukedalsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Riksvegen Førde-Naustdal-Florø
I 1891 starta ein på bygging av veg mellom Førde og Naustdal, men vegen opna først då stålbrua over Nausta stod ferdig i 1937.
Førdeveksten kravde betre veg til Oslo
I samband med at Førde vart peika ut som vekstsenter i 1965, vart planen om bygging av veg langs midtre del av Sognefjorden framskunda, slik at vekstsenteret skulle få betre veg til Austlandet.

Folkelånsvegen mellom Førde og Askvoll med fjellrekka Heilevangstaurane som blikkfang. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Veg mot Solheimsdalen og Askvoll
Vegsambandet til Solheimsdalen og dei andre vestlege bygdene i Førde kommune over Blomlia/Vasslia kom i 1975. Den såkalla Folkelånsvegen som gav Askvoll og Stongfjorden ferjefritt vegsamband til Førde, vart opna i 1979. På riksvegen mellom Førde og Askvoll ligg Kvernbergtunnelen (779 meter) like vest for Førde og Nordheiatunnelen (414 meter) oppe på fjellet mellom Vasslia og Fauske.

Vi ser vegen inn Angedalen til venstre, til høgre brua over Prestefossen mot Vie. Vatnet i Prestefossen vart nytta til å drive eit lite sagbruk. Biletet er handkolorert og er teke ein gong mellom 1905 og 1920. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.
Angedalsvegen
Frå eldgamle tider gjekk ferdslevegen mot Jølster over fjellskaret Tynningen ved Grimeland i Angedalen. Bygdevegen oppover Angedalen vart gradvis utbetra til ein smal bilveg som kunne vere tolleg brukande sommarstid, men som vart bortimot uframkomeleg i teleløysinga om våren. Etter sterke krav frå den største arbeidsplassen i Angedalen, Ramstad Eskefabrikk, vart det bygd ny fylkesveg fram til Tjønneland i 1982.

Dagens veg til Angedalen ved Ramstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Veg Kronborg-Vie
Veg frå Kronborg til sentralsjukehuset på Vie med bru over Jølstra vart opna i 2002.

Brua frå Kronborg til Vie gjorde at trafikk austfrå til Førde Sentralsjukehus slapp omvegen rundt sentrum. Då dette biletet vart teke var Coop Extra under bygging påBrulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.11.2011