Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyning i Førde

Kraftmaster ved Hjellestøylen mellom Erdalen og Angedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftmaster ved Hjellestøylen mellom Erdalen og Angedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftplanar i Jølstravassdraget

Innanfor Førde kommune er det bygd tre større kraftverk i Jølstravassdraget.

Gaularvassdraget

Gaularvassdraget strekkjer seg sju mil frå Dalsfjorden, gjennom Gaular kommune, og vidare gjennom Haukedalen i Førde kommune til Jostedalsbreen.

Halbrendsvassdraget

I 1916 kjøpte staten fallrettane i Halbrendsvassdraget for 40.000 kroner for å byggje elektrisitetsverk for el.drift av jernbanen som ein då planla mellom Vadheim og Sandane. Frå 1970-talet til 2001 var Halbrendsvassdraget med Bekkjavatnet drikkevasskjelde for Førde.

Sunnfjord Energi

- sjå Kraftplanar i Jølstravassdraget.

Administrasjonsbygget til Sunnfjord Energi på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonsbygget til Sunnfjord Energi på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kombinert vassverk og kraftverk

I samband med at nye Førde Vassverk i 2000 tok i bruk Gravvatnet på grensa mot Viksdalen som ny drikkevasskjelde, bygde Sunnfjord Energi ein liten kraftstasjon ved Movatnet. Denne utnyttar fallhøgda i den nye vasstunnelen til kraftproduksjon.

Fjernvarme

Måløy-firmaet Fjord Miljøenergi AS fekk konsesjon på utbygging av flisbasert fjernvarmeanlegg i Førde med byggjestart i august 2011. Men denne byggjestarten vart utsett til desember 2012.

Landskapsvern i Naustdal-Gjengedal

I 2009 skipa regjeringa Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Storparten av det 394 kvadratkilometer store området ligg i Naustdal og Gloppen, men også fjellområde i Jølster og Førde vert omfatta av dette vernet, og alle kommunane skal m.a. dele på eit næringsfond på 10 millionar kroner som erstatning for vernet.

Trafostasjon på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trafostasjon på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2011