Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftutbygging i Førde

Gaularvassdraget

Gaularvassdraget

Gaularvassdraget strekkjer seg 7 mil frå Dalsfjorden, gjennom Gaular kommune, og vidare gjennom Haukedalen i Førde kommune til Jostedalsbreen.

Jølstravassdraget

I Jølstravassdraget vart fallrettane til Huldefossen (90 meters fall) ved Mo jordbruksskule, Stakaldefossen og Brulandsfossen kjøpt i 1898 av fossespekulantar, og seinare overteke av Sogn og Fjordane fylke.

Halbrendsvassdraget

I 1916 kjøpte staten fallrettane i Halbrendsvassdraget for 40.000 kroner for å byggje elektrisitetsverk for el.drift av jernbanen som ein då planla mellom Vadheim og Sandane. Frå 1970-talet til 2001 var Halbrendsvassdraget med Bekkjavatnet drikkevasskjelde for Førde.

Førde kommunale kraftverk

Førde kommunale kraftverk slo seg i 1975 saman med Naustdal E-verk og i 1985 med L/L Jølster kraftlag til Sunnfjord interkommunale kraftselskap - seinare Sunnfjord Energi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2008