Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Elster d.e.

Kristian Mandrup Elster d.e. (1841–1881) frå Førde. Fødd i Namdalen, kom til Førde i 1853, der faren Christen var sorenskrivar. Forfattar, kritikar og forstmann.

Debuterte med det historiske dramaet «Eystein Meyla» i 1863. Gav m.a. ut novellesamlinga «Solskyer» og romanane «Farlige folk» og «Tora Trondal». I 1946 kom hans sosialantropologiske studie «Om motsetningen mellem det vestlige og østlige Norge» ut i bokform.

Far til Kristian Elster d.y., og bestefar til kringkastingssjef Torolf Elster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008