Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Elster d.y.

Kristian Elster d.y. (1881–1947). Jurist og forfattar. Fødd i Trondheim, men kom nokre veker gamal til Førde, der han budde til familien flytta til Oslo i 1888. Kristian Elster d.y. rekna heile livet Førde som sin heimstad.

Gav ut nærare 40 romanar, skodespel og forteljingar. Debuterte i 1907 med «Fortellinger», men slo gjennom med romantrilogien «I lære», «Landeveien» og «Mester». «Av skyggenes slegt» frå 1919 vert av mange rekna som hans viktigaste roman.

Elster gav også ut humoristiske bøker og skodespel, diktsamling og ei barnebok. I 1923-24 gav han ut «Norsk litteraturhistorie". Diktargasje frå 1937. Skreiv også under pseudonymet «Onkel Hans». Son av Kristian Elster d.e., og far til kringkastingssjef og forfattar Torolf Elster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008