Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Ulltang

Kristian Ulltang. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Kristian Ulltang. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Kristian Ulltang (1891–1979) frå Førde. Utdanna boktrykkjar, redaktør og grunnleggjar av avisa «Firda» i 1917, der han var redaktør med ein del avbrot til 1928.

Etter at han slutta, leigde han ut utgjevarretten av Firda til Olai Nordeide.

Skreiv elles for fleire aviser og blad. Redaktør av «Ungdomsvennen» i 1917, og «Jul i Sunnfjord» 1946-1951. Gav ut eigne forteljingar og stubbar i bokform, og fleire lokalhistoriske bøker.

Frå 1941 var Kristian Ulltang bibliotekar ved folkeboksamlinga i Førde. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1968. Sjå også Øens Prent og Firda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.03.2008