Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Bruland

Bruland Lågpris, seinare ICA Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bruland Lågpris, seinare ICA Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kristoffer Bruland fødd 1888 starta landhandel og tønnefabrikk på Bruland i 1921. Sonen Helge Bruland (1918–1991) starta under sildeåra på 1950-talet også kasse- og pallefabrikk.

Eldste sonen til Helge, Viktor Bruland fødd 1951, utvida Bruland Pallefabrikk, og bygde ut trelast- og byggevareforretning. Denne er seinare blitt ein del av byggevarekjeda Byggmakker.

Ein stor del av produksjonen ved pallefabrikken vart i 2002 flytta til Estland.

I desember 2011 gjorde ein flaum skade for fleire millionar kroner på Bruland Pallefabrikk.

Broren Frank Bruland fødd 1955 dreiv landhandelen vidare, og starta på 1980-talet Bruland Lågpris, som i 1997 utvida mykje med nytt forretningsbygg og matsenter. I 1998 gjekk forretninga inn i ICA-kjeden. ICA trekte seg ut i 2010, og butikken på Bruland gjekk inn i Bunnpris-kjeden.

ICA Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

ICA Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.12.2011