Hopp til innhold
X
Innhald

Kronborg og Reset industrifelt

Kronborg og Brulandsvellene. Då dette biletet vart teke var Coop Extra under bygging. Denne forretninga har sidan trekt til seg mange handlande, både frå Førde sentrum og frå kommunane rundt Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Midt på 1980-talet var industriområda på Øyrane og Halbrendsøyra på det næraste utbygde. Kommunen regulerte difor tre nye industrifelt – det eine på Kronborg sør ca. to kilometer aust for sentrum, og det andre på Reset i Halbrendslia, også dette fleire kilometer frå det gamle sentrum. Det siste industrifeltet var Hornnes der utbygginga starta i 1997. På industrifeltet Reset bygde Vestlandske Salslag nytt storslakteri i 1984, og det 20 år gamle Sunnfjord Slakteri i sentrum vart kjøpt av Ida Berqvam og ombygt til kjøpesenteret Handelshuset som opna i 1987. På Reset kom også nye bilforretningar, eggsentral og ein del andre verksemder. Førde kommune bygde også eit mellombels søppelforbrenningsanlegg på Reset.

Halbrendsøyra, der det mellom anna er fleire bil- og bilutstyrsforhandlarar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Halbrendsøyra, der det mellom anna er fleire bil- og bilutstyrsforhandlarar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningar ut av sentrum

Industrifeltet Kronborg fekk ei utbygging som vart meir prega av private og offentlege servicebedrifter enn Reset: På Krongborg sør kom det trevarehandel, møbelbutikk, bilforretningar og skular, og Telenor og biltilsyn bygde store anlegg her. Berre ein trevarefabrikk og eit bakeri gjev Kronborg ein dåm av industri. Eit nytt industrifelt ved Moskog-krysset som kommunen sysla med på 1970-talet, har det førebels ikkje blitt noko av. Derimot har strandsona på Hornnes vorte regulert til ny industri og har vorte utbygd sidan 1997. Dette har skapt tildels store konfliktar med bustadfelt like ved. Den siste tilveksten til handelsnæringa i Førde kom på Brulandsvellene i 2007 då det vart opna fire store forretningar der for COOP Extra, SparKjøp, Plantasjen og bilforretninga Biltema.

Førde sett frå Viefjellet i 2012, med industri- og forretningsområdet på Kronborg og Brulandsvellene til venstre.  Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde sett frå Viefjellet i 2012, med industri- og forretningsområdet på Kronborg og Brulandsvellene til venstre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om: Vekstsenteret Førde

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 18.06.2012