Hopp til innhold
X
Innhald

Kulturinstitusjonar i Førde

Naust og løe frå Haukedalen på Sunnfjord Muséum i Movika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naust og løe frå Haukedalen på Sunnfjord Muséum i Movika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Muséum

vart skipa på den noverande festplassen i Førde sentrum i 1926 etter initiativ frå Sunnfjord Sogelag (skipa 1910). Men området låg utsett til for flaum, og dei innsamla bygningane vart i 1951 flytta til husmannsplassen Movika ved Movatnet.

Fylkesbiblioteket for Sogn og Fjordane

Det noverande fylkesbiblioteket starta med Sogn og Fjordane Boksentral i 1954.

Bokbåten Epos  er eit tilbod til bygder utan tilgang på eige bibliotek. Her er båten på veg til kai i Måren i Høyanger kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bokbåten Epos er eit tilbod til bygder utan tilgang på eige bibliotek. Her er båten på veg til kai i Måren i Høyanger kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førdehuset

Då Førdehuset vart opna i 1976, var det eitt av dei største kulturhusa i Noreg med 12.000 kvadratmeter golvflate. Førdehuset vekte oppsikt langt ut over landegrensene fordi det var det første bygget der ein samla så mange ulike kulturaktivitetar under same tak.

Sogn og Fjordane Teater

Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977, og hadde premiere i det nye Førdehuset 28. oktober med komedien ”Dei siste Maksveringar” av Rolf Losnegård frå Holmedal. Men like etter braut det ut ein kvass strid kring styringsforma.

Fylkeskulturkontoret

Fylkeskulturkontoret vart lagt til Førde i 1978 m.a. på grunn av at mange fylkesomfemnande institusjonar hadde sete i Førdehuset.

Fylkeskulturkontoret administrerer Fylkeskulturprisen.

Frå opninga av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i september 2012. Det var kø for å sleppe inn i bygningen. Foto: Alf Vidar Snæland.

Frå opninga av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i september 2012. Det var kø for å sleppe inn i bygningen. Foto: Alf Vidar Snæland.

Sogn og Fjordane Kunstmuséum

Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, skipa i 1987, vart i 2000 omskipa til Sogn og Fjordane Kunstmuséum.

Sogn og Fjordane Kunstnarsenter

var fram til 2004 biletkunstnarane sitt eige senter og utstillingsgalleri.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

vart arrangert første gong i 1990, og sidan starten har Hilde Bjørkum vore dagleg leiar.

Sjå meir under: Historia i Førde

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2012