Hopp til innhold
X
Innhald

Langebrua oppkalla etter handelsmann

Dagens Langebrua i Førde vart bygd i 1963, 69 år etter at Hans Christian Lange døydde. Likevel blir namnet Langebrua brukt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dagens Langebrua i Førde vart bygd i 1963, 69 år etter at Hans Christian Lange døydde. Likevel blir namnet Langebrua brukt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dag knyter tre store bruer og ei gangbru sambandet over elva Jølstra i Førde sentrum. Men heilt fram til 1986 var det Langebrua som knytte sørsida saman med nordsida.

Ferjemann på Hafstad

På Hafstad i Førde var det gjestgiveri frå 1772 og skysstasjon frå 1793, og husmannen Anders Olson Hafstad hadde arbeidet som ferjemann - (d.v.s. rorskar) over elva Jølstra mellom Hafstad og Skorpa på nordsida før det vart bygd bru i 1836. Landfestet for den gamle ferjestaden kan framleis sjåast på nordsida, omlag 100 meter ovanfor noverande Langebrua.

Flaumen i 1922 tok brua som vart bygd i 1856. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Flaumen i 1922 tok brua som vart bygd i 1856. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Opphavet til brunamnet

Sjølv om elva Jølstra er brei på den staden der Langebrua er bygd, så er det ikkje lengda som har gjeve namnet til Langebrua: Den første Langebrua som vart bygd i 1836, fekk namnet sitt etter den danskfødde handelsmannen Hans Chr. Fredrik Lange (1811-1887). Han hadde starta butikk på Skorpa på nordsida av elva i 1830. Saman med lensmann Johannes Falch (1792-1855) - (sjå Kjende personar i Førde fødde år 1700-1800) på garden Falkenstein tok Lange initiativet til at den første brua over Jølstra vart bygd i 1836, og brua vart raskt heitande Langebrua etter kjøpmannen på Skorpa. Langebrua vart rasert av flaum i 1851. Ei ny bru stod ferdig i 1856, og denne vart på nytt teken av flaum i 1922.

Frå opninga av nyebrua i 1925. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Frå opninga av nyebrua i 1925. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Gjenbruk av Langebrua i Solund

Ei ny Langebru i stål vart opna i 1925, og vart i 1963 avløyst av noverande Langebru i betong. Den gamle stålbrua vart skrudd frå kvarandre og sett opp att over Rørdalsfjorden i Solund. Der går den inn i vegsambandet frå Hardbakke til Ytre Steinsund. Sjå Vegar i Solund.

Då det vart bygt ny Langebru i 1963 vart den gamle flytta ti meter sidelengs for å kunne bli brukt medan den nye vart bygd. Foto: Reiakvam.

Då det vart bygt ny Langebru i 1963 vart den gamle flytta ti meter sidelengs for å kunne bli brukt medan den nye vart bygd. Foto: Reiakvam.

Tre nye sentrumsbruer

Endå ei ny riksvegbru i Førde sentrum, Storehagen bru, vart opna i 1986, og i 1999 opna ei gangbru mellom Festplassen og Hafstad vidaregåande skule. Ny bru frå europavegen på Kronborg og over Jølstra til sentralsjukehuset på Vie vart opna i 2002. På grunn av flaumfaren i Jølstra vart denne brua bygd på pelar langt innover land, slik at opninga under brukonstruksjonen vart stor nok til å ta unna vatnet dersom det kjem storflaum i elva.

Storehagen bru, opna i 1986, har avlasta Langebrua for mykje av trafikken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Storehagen bru, opna i 1986, har avlasta Langebrua for mykje av trafikken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gangbrua som vart bygd over Jølstra i 1999. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gangbrua som vart bygd over Jølstra i 1999. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.11.2010