Hopp til innhold
X
Innhald

Lokalt småflyselskap tapte mot Widerøe

Det lokale flyselskapet tapte kampen om trafikk på flyplassen på Øyrane.

Det lokale flyselskapet tapte kampen om trafikk på flyplassen på Øyrane.

Då dei andre småflyplassane i Florø og Sogndal vart opna i 1974 og Sandane vart opna året etter i 1975, gjekk Fylkesbaatane, Firda Billag, Nordfjord og Sunnmøre Billag, Førdefly og Fjordfly saman og skipa eit flyselskap som søkte konsesjon på vestlandsrutene i konkurranse med Widerøes Flyveselskap.

Det lokale flyselskapet var så optimistiske at dei kjøpte inn eit tomotors småfly til føremålet. Widerøe vann konsesjonen på vestlandsrutene. Det lokale flyselskapet måtte berre akseptere tapet: Eigarane selde flyet, og selskapet vart oppløyst.

På slutten av 1990-talet vart konsesjonane på småflyrutene i Noreg sett ut på tilbod. Widerøes Flyveselskap miste dermed monopolet som dei til då hadde hatt på desse sterkt statsstøtta flyrutene på småflyplassar på Vestlandet og i Nord-Noreg.

I Sogn og Fjordane vann flyselskapet Coast Air tevlinga om rutene til Florø. Dette førte til at Widerøe la ned hovudbasen sin i Florø og flytta stasjonen for vestlandsrtuene sine til flyplassen på Bringeland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.11.2010