Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Olai Botnen

Ludvig Botnen representerte Venstre på Stortinget frå 1961 til 1969.

Ludvig Botnen representerte Venstre på Stortinget frå 1961 til 1969.

Ludvig Olai Botnen (1910-1987) frå Angedalen, Førde. Busett i Florø. Redaktør og Venstre-politikar. Stortingsrepresentant 1961-1969.

Botnen arbeidde som journalist i aviser i Sunnfjord og i Hordaland Folkeblad før han vart redaktør i Firda Folkeblad frå 1934. Han har og vore lærar og styrar ved handelsskulen i Florø.

Medlem av bystyret, og ordførar i Florø/Flora 1955-1957, 1960-1961 og 1976-1979. Leiar i fylkeslaget for Venstre frå 1958, og 12 år i Venstres landsstyre. Tillitsverv i presseorganisasjonar og i Sunnfjord Sogelag. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1980.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010