Hopp til innhold
X
Innhald

Målfrid Nydal Holsen

Målfrid Nydal Holsen (1938–1993) frå Holsen. Songar, utdanna i Austerrike, debuterte 1972.

Målfrid Nydal Holsen (1938–1993) frå Holsen. Songar, utdanna i Austerrike, debuterte 1972.

Arbeidde fleire år som songar i Austerrike, m.a. ved operaen i Wien. Budde seinare i Gøttingen i Tyskland og i Helsingfors og Oslo. I Oslo var ho m.a. engasjert ved Den Norske Opera og heldt fleire solokonsertar i NRK Radio. Spela også inn fleire grammofonplater, og hadde fleire solokonsertar ved Festpillene i Bergen.

Då sjukdom gjorde at ho måtte gje opp karrieren som solosongar, flytta ho tilbake til Førde, og arbeidde dei siste åra som songpedagog.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.11.2010