Hopp til innhold
X
Innhald

Malmsmelting på Halbrend

Halbrend har fått namnet sitt frå smeltinga av malm frå Grimelid. Foto: O. Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Halbrend har fått namnet sitt frå smeltinga av malm frå Grimelid. Foto: O. Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Grimmelid Kobberværk starta i 1759 drift på ei koparåre i Grimelid ved Stongfjorden. Fagfolka der kom frå Røros Kobberværk. På grunn av mangel på skog og ved på kysten til å brenne ut malmen med, vart malmen ført med jekter til Halbrend i Førde, der Grimmelid Kobberværk gruver kjøpte garden til Helge Gunnarson Halbrend og dreiv smeltehytte frå 1761 til 1785. Gruvedirektøren Othe Iffert eigde elles ”Kapteinsgarden” på Skei frå 1764 til 1767.

Einskilde meiner at gardsnamnet Halbrend i Førde kan ha kome av at smeltehytta til koparverket låg der; at malmen vart ført ”halvbrend” frå Grimelid til ferdigsmelting til kopar i Førde.

Gardstunet på Halbrend slik det tek seg ut i 2007, like ved krysset mellom E39 og fylkesvegen til Askvoll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gardstunet på Halbrend slik det tek seg ut i 2007, like ved krysset mellom E39 og fylkesvegen til Askvoll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

- Les meir om den nær på 200 år lange historia til Grimmelid Kobberværk under Askvoll kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2010