Hopp til innhold
X
Innhald

Mo Jordbruksskule

Martin Luther Storm har mykje av æra for at det er jordbruksskule på Mo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Martin Luther Storm har mykje av æra for at det er jordbruksskule på Mo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mo Jordbruksskule var den andre jordbruksskulen i Sogn og Fjordane, grunnlagt i 1858. Jordbruksskulen på Vestreim på Kaupangerskogen var den første, grunnlagt 1846. Mo er ein av dei største i fylket, med 500 da. innmark og 3000 da. skog.

Hovudbygning frå Fresvik

Den gamle hovudbygningen på garden var ein gamal sjefsgard frå Fresvik i Sogn, som vart flytta til Mo for å tene som styrarbustad og elevinternat, riven i 1970. Sjå: Sjefsgarden frå Fresvik hamna i Førde.

Mo jordbruksskule fotografert av Olai Fauske ein gong før 1920. Den dåverande hovudbygningen som no er riven, vart flytta til Mo frå Fresvik, der den hadde vore militær sjefsgard. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Truga av nedlegging

Den politiske ”moten” i Noreg på slutten av 1880-talet var sparepolitikk og nedskjæring av offentlege utgifter. Dette gjekk på alle plan, og i fylkeskommunal samanheng i Sogn og Fjordane råka dette m.a. Fylkesbaatane og Mo jordbruksskule. Begge var truga av nedlegging.

Demonstrasjon av jordbruksreiskap på Mo ca. 1900.

Demonstrasjon av jordbruksreiskap på Mo ca. 1900.

Berga av skulestyraren

Men Mo vart berga av skulestyrar Martin Luther Storm, som var styrar frå 1873 til 1907. Han fekk personleg ei pakte- og driftsavtale for skulen, og dreiv den slik fram til fylket igjen tok over. Storm har fått sitt minnesmerke på tunet på skulen, laga av bilethoggaren Nils Bruland.

Mo og Jølster vidaregåande skule

Også då Storm slutta, ville mange politikarar kvitte seg med Mo, men den vart berga med knapt fleirtal. I 1992 vart skulen administrativt samordna med Heimeyrkesskulen i Jølster til Mo og Jølster vidaregåande skule.

Hovudbygningen på Mo, bygd i 1920. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudbygningen på Mo, bygd i 1920. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 24.11.2010