Hopp til innhold
X
Innhald

Multi Maritime AS

Bilferja Vågsøy, levert frå Fiskerstrand verft i 2009 er eitt av fartya Multi Maritime AS har teikna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Vågsøy, levert frå Fiskerstrand verft i 2009 er eitt av fartya Multi Maritime AS har teikna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Multi Maritime AS vart skipa i 1983 etter initiativ frå ingeniør Petter Klock. Både han og dei andre tilsette hadde arbeidd på teiknekontoret til Ankerløkken Verft Førde. Då Ankerløkken kom i vanskar frå 1979 og utover, satsa dei tilsette på teiknekontoret på eige firma.

Første tida hadde Ankerløkken Florø halvparten av aksjane, dei tilsette andre halvparten. Men etter ei tid overtok dei tilsette fullt som eigarar.

Multi Maritime har båtdesign-oppdrag over heile verda. Dei har spesialisert seg på offshoreskip og ferjer.

Multi Maritime hadde 24 tilsette og ei årsomsetning på kring 35 millionar kroner i 2007.

I 2010 vart Multi Maritime AS kjøpt av Fiskerstrand AS, som gjennom fleire år har vore oppdragsgjevar for skipsdesignselskapet i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.12.2010