Hopp til innhold
X
Innhald

Næring på Steinen

Steinen sett frå Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steinen sett frå Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anders A. Steen (1812-1885) frå Holsen vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i 1869 og etablerte handel ved dampskipskaia si på Steinen.

Sonen Ole tok over i 1878, og han dreiv også trelasthandel. Handelsfamilien Steen bygde etter kvart ut verksemda på Steinen med kassefabrikk, og tønnefabrikk frå 1915-1929. Her var også losji, brevhus og rikstelefonstasjon ei tid.

Emil Steen, som dreiv tønnefabrikken, hadde også båtar som dreiv fiske og fraktfart. Fylkesbaatane la ned ruta til Førde i 1990.

Frå tønneproduksjonen på Steinen. Foto: Olai Fauske. © Fauskesamlinga, Sunnfjord Museum.

Frå tønneproduksjonen på Steinen. Foto: Olai Fauske. © Fauskesamlinga, Sunnfjord Museum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010