Hopp til innhold
X
Innhald

Nor-West Sport AS

Frå produksjonen i Nor-West Sport rundt 1980. Alf Berger-Nilsen i framgrunnen i grå gensar. Foto utlånt av Alf Berger-Nilsen.

Frå produksjonen i Nor-West Sport rundt 1980. Alf Berger-Nilsen i framgrunnen i grå gensar. Foto utlånt av Alf Berger-Nilsen.

VM-kle og nedlegging same året

Nor-West Sport AS konfeksjonsfabrikk vart starta på Halbrendsøyra i Førde i 1971 av Alf Berger-Nilsen, fødd 1923. Berger-Nilsen hadde arbeidd som disponent i teko-industrien på Møre og kom til Førde frå direktørstillinga ved Blystad Fabrikker i Oslo. Nor-West Sport produserte sportskle og hadde på det meste 50 tilsette.

VM-kle og nedlegging same året

Nor-West Sport vann tevlinga om å få levere kleda til VM på ski i Oslo i 1982, og lokalavisa Firda hadde oppslag med bilete av kronprins Harald i dynejakke frå Førde. Men denne fjøra i hatten hjelpte lite. Fabrikken vart same året tvinga til å leggje ned. Den bukka, som så mange andre teko-bedrifter, under i tevlinga mot billigimport frå utlandet.

Fabrikkbygningen på Halbrendsøyra har seinare vore nytta m.a. av Førde Bilsalg AS Kongsvik og Midtbø.

Fabrikkbygningen til Nor-West Sport på Halbrendsøyra. Foto utlånt av Alf Berger-Nilsen.

Fabrikkbygningen til Nor-West Sport på Halbrendsøyra. Foto utlånt av Alf Berger-Nilsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010