Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Vassdrags- og Energidirektorat

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

NVE Region Vest held til i Førde og er eitt av dei største, statlege kontora med Sogn og Fjordane med 33 tilsette.

Norges Vassdrags og Energidirektorat kan telje forløparane sine heilt tilbake til 1804 og Canal-Directionen som den gongen var Staten sitt styringsorgan for bruk av vassdraga til fløyting, ferdsle og industri. Frå 1847 vart bruken av vassdraga forvalta av Kanalvæsenet.

Kanalepoken på 1800-talet

Bakgrunnen for namnet ”Kanalvæsenet” var at det på 1800-talet var ei veksande interesse for å utnytte også norske vassdrag som ferdslevegar ved bygging av sluser og kanalar slik som i resten av Europa. Men i det brattlendte Noreg røynde ein fort at eit tettmaska kanalnett ville verte dyrt. Dei einaste kanalane som står att etter denne tida er kanalen i Haldenvassdraget, bygd i åra 1852-1860, og Telemarkskanalen (Norsjø-Skienkanalen bygd 1854-1861 og Bandak-Norsjøkanalen som stod ferdig i 1892).

Stardøla, der elveforbygginga tok 83 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stardøla, der elveforbygginga tok 83 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Sogn og Fjordane var det lenge snakk om å byggje kanal frå Sognefjorden og opp til Årdalsvatnet, men prosjektet vart lagt bort. – Les meir om kanalplanen for Hæreidselvi under Årdal kommune.

Elveforbygging i Lærdal

Den viktigaste oppgåva for Kanalvæsenet på 1800-talet i Sogn og Fjordane vart likevel elveforbygging og flaumsikring. Eitt av dei store elveforbyggingsprosjekta i Sogn og Fjordane på 1800-talet var forbygging av Lærdalselvi som hadde gjort stor skade på åker og eng på 1860-talet. Etter press for Lærdal Elveeigarlag, som vart skipa i 1864, la Kanaldirektøren fram ein plan for forbygging av elvebardane langs elva med stein. Arbeidet vart utført frå 1894 til 1910. Eit anna tidleg krav om flaumsikring kom frå Stardalen i Jølster i 1897, men arbeidet med plastring og omlegging av Stardalselva starta ikkje før i 1914 - og var ikkje sluttført før i 1985.

NVE Region Vest held til i Elvegården i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

NVE Region Vest held til i Elvegården i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Regionkontor i Førde

Den statlege forvaltninga av vassdrags- og kraftforsyningsspørsmål vart for første gong samla i eitt direktorat i 1921, då Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE) vart skipa. Men alt 1912 vart det skipa tre regionale kontor som skulle ta seg av arbeidet med forbyggings- og senkingsarbeid. Vestlands-kontoret vart plassert i Førde med ingeniør Th. J. Selmer som første leiar. Dei andre regionkontora kom i Bodø og Trondheim, men er seinare lagde ned. Kontoret i Førde hadde frå 1918 til 1989 nemninga Forbygningsavdelingens Vestlandskontor og hadde ansvaret for Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland fylke nord for Bergen. Frå 1943 til 1945 rekvirerte tyskarane ingeniør Selmer sitt kombinerte kontor og bustadhus i Førde, og i desse åra låg kontoret i Stryn. Frå slutten av 1970 har Førde-kontoret også hatt ei avdeling for kraftutbygging, og det er m.a. regionkontoret som vurderer konsesjonssaker i samband med utbygging av småkraftverk. Midt på 1980-talet fekk Region Vest eige damtilsyn, og i 1990 kom ei hydrologisk avdeling.

I 2009 fekk kontoret ei eiga avdeling som skal ha ansvaret for overvaking av rasfarlege fjell for å unngå skredulukker i regionen.

Les meir om: Større offentlege institusjonar i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.09.2011