Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Motor Import AS

Norsk Motor Import AS held til i dette industribygget på Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Motor Import AS held til i dette industribygget på Hornnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Motor Import AS vart skipa i Førde i 1998 av Roy Valvik og Per Sannæs.

Firmaet driv import og vidaresal av mopedar og firhjula terrengkøyrety og er hovudimportør av motorsykkelmerket Kawasaki. Dei første åra heldt NMI til på Øyrane, men flytta i 2006 inn i stort forretnings- og lagerbygg på Hornnes, der dei disponerer 2640 kvadratmeter.

Verksemda har også eit lager i Arendal, og hadde åtte tilsette og ei omsetning på 37 millionar kroner i 2005.

I 2011 vart butikken og verkstaden lagde ned, og Norsk Motor Import gjekk over til å bli eit reint grossistfirma. Firmaet hadde 15 tilsette i 2011.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2011