Hopp til innhold
X
Innhald

Nortronik AS

Foto: Nortronik

Foto: Nortronik

Nortronik AS vart skipa i Førde i 2000 av Morten Engebø. Firmaet har spesialisert seg på sal og vedlikehald av brannvernprodukt og montering og vedlikehald av sløkkesystem basert på gass og brannalarmanlegg.

Firmaet hadde i 2006 sju tilsette i Førde og Lillestrøm. I 2012 er talet auka til 11. I 2011 flytta verksemda inn i nybygg til 18 millionar kroner på Øyrane. Nortronik AS omsette for vel 24 millionar kroner i 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016