Hopp til innhold
X
Innhald

Øens Prenteverk

Øens Prenteverk heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øens Prenteverk heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øens Prenteverk vart grunnlagt i 1933 av Albert Øen. Albert dreiv også ei tid eige bokforlag.

På 1950-talet starta Øen vaskeri og renseri, og på 1970-talet Sentralvaskeriet som m.a. fekk store vaskeoppdrag for det nybygde Sentralsjukehuset frå 1979. Vaskeriet er no overteke av BB Gruppen AS til familien Belsvik i Florø (sjå Flora kommune), og trykkeriet av Avishuset Firda.

I 1990 kjøpte Avishuset Firda Øens Prenteverk og skipa selskapet Firda Trykk AS.

BB-gruppen - tidlegare Sentralvaskeriet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

BB-gruppen - tidlegare Sentralvaskeriet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.10.2010